Prosjektet starta lite, eit samarbeid mellom ei bønegruppe i Kanyama i Lusaka, Zambia, og ungdomsarbeid i ei menigheit i ei lita bygd, Samnanger, i Noreg. No har det vakse seg stort, og har vorte utvida til ein internasjonal organisasjon, som hovudsakleg tar føre seg drift av skule for fattige born i Kanyama-slummen i Lusaka. Les gjerne om historia vår her.

Me består av to team, eit i Lusaka, Zambia, og eit i Samnanger, Noreg, som saman driftar skulen Samnanger Faith Academy, og der me så smått har byrja med mikrolån, for å hjelpe kvinner og vanskelegstilte med å kome seg på beina igjen. I Noreg er me registrerte som The SamZam Project i Brønnøysundregisteret med organisasjonsnummer: 927 021 935. Me er også registrerte i Zambia som NGO (Non-Governmental Organization), og me kan difor enklare søkja om offentleg stønad der også.

Gruppa i Zambia som var initiativtakarane til skulen kallar seg for Soul X Ministry, då dei ville samkøyra namnet sitt med namnet på ungdomsgruppa i kyrkja i Samnanger som hjalp dei, nemleg Soul X. Difor har me også to logoar i forbindelse med prosjektet. Ein logo for dei flotte damene og for alt arbeidet dei gjer gjennom Soul X Ministry (til venstre), og ein konkret for skulen og skule-prosjektet vårt (til høgre).

Samarbeidet fungerar godt, og i Noreg prøvar me å ha styremøter gjennomsnittleg annakvar månad for å drifta og vidareutvikla prosjektet vårt. Mykje av agendaen på møtene handlar om korleis me kan skaffa inntektar til prosjektet vårt, som me ynskjer å utvida. Du kan lese meir om dette her.